Flisfyrte veksthus i Rogaland

 

 

Sluttrapport  «Prosjekt flisfyrte veksthus i Rogaland»

 

 

1.     Om prosjektet

 

Tiltaket initiert av FMLA Rogaland. Finansert av Innovasjon Norge og FMLA Rogaland.

 

Prosjektansvar            Geir Skadberg            FMLA Rogaland

Prosjektleiing             Karl Ludvig Ådland    Vestskog BA

 

Referansegruppe samansett av

Anders Sand               Norsk Gartnerforbund

Svein Hodne               Rogaland Gartnerlag

Åge Jørgensen            Bioforsk Vest Særheim

Hilde Løge                  Rennesøy Forsøksring

Karl Ludvig Ådland    Vestskog BA  

 

Mål

Avdekke skrankar og moglegheiter for bransjen til å ta denne energikjelda i bruk.

Få etablert eit eller fleire biobrenselanlegg innan veksthusnæringa basert på skogsflis.

 

Arbeidsmetode

Utreiing av teknisk og økonomisk løysing ved 4 utvalde gartneri i Rogaland. Krav til utreiingane at dei skal gi vedtaksgrunnlag for mogleg investering / søknad om investeringsstøtte.  Utreiingane skal vera basert på energisjekk ved aktuelle gartneri utførd av Anders Sand.

 

 

2.     Gjennomføring

 

Som vedlegg følgjer utreiingsnotat for:

Smedsvig Gard DA                5574 Skjold i Vindafjord kommune

Eikeskog Gartneri AS             5570 Aksdal i Tysvær            kommune

Sigmund Havn            4170 Sjernarøy i Finnøy kommune    

Mjølsnes Jarle                                    4160 Finnøy i Finnøy kommune                    

 

Med unntak av Eikeskog Gartneri, er energidata basert på energisjekk utførd av Anders Sand.

Registrert effekt og energibruk er grunnlagsdata nytta i utreiingane for å dimensjonere og konkretisere teknisk løysing. I tillegg er det føreteke synfaringar for å avklare forhold rundt plassering av anlegg, tomtekostnader, lengder på leidningsnett m.m. For ein gartnar er det og gjennomført studietur for å syne døme på gjennomført løysing. Føreslegne tekniske løysingar (biobrenselanlegg og leidningsnett) er basert på innhenta pristilbod for kvart gartneri. Løysingane er knytt opp til konkrete anlegg og leverandørar, men er i så måte berre døme på aktuell løysing som kan anbefalast. Ved eventuell investering vil det vera naturleg å hente inn tilbod frå fleire utstyrsleverandørar og fabrikat.

 

Om dei økonomiske vurderingane

  • Investering: Berre ein mindre del av kostnadane er basert på stipulerte prisar. Det vesentlege er basert på bindande tilbod. 1 Euro er sett til kr 8,00.
  • Avskrivingtida er sett til 15 år.
  • Kalkulasjonsrenta er sett til 8 % (realrente)
  • Det er teke høgde for 35 % investeringstilskot gjennom Bioenergiprogrammet til IN
  • Råstoffkostnader er innhenta prisar i marknaden. Det er likevel nytta fleire prisintervall for å synleggjere utslag grunna i endra råstoffkostnader. Under driftskostnader er det og teke med vedlikehald og vederlag for eige tilsynsarbeid med anlegget.
  • Noverdiberekning er nytta for å finne fram til energipris som innfrir gitte føresetnader. Energiprisen kan brukast til å samanlikne konkurransekrafta med andre / eksisterande energikostnader.

 

 

3.     Sumtal for dei 4 gartneria

              Eigen prod. av CO2           Kjøp av CO2

Konvertert energimengde             8,1                              10,0                 GWh

 

Trong for råstoff                           4 750                          6 000               Fm3

 

Redusert utslepp CO2                  1930                           2400                Tonn    

 

Brutto investering                         11,5                            11,5                 Mill kr

 

Netto investering                          7,5                              7,5                   Mill kr             

 

 

4.     Kommentarar og vurderingar

 

Dei 4 utvalde gartneria har ut frå produksjon og lokalisering svært ulike føresetnadar.

Årleg energitrong til oppvarming ligg frå 6 GWh for det største til 0,5 GWh for det minste. Varmetrong pr oppvarma areal ligg frå 450 kWh/m2 til 100 kWh/m2.

Eit gartneri er tilkopla naturgassnett, mens dei 3 andre nyttar propan på tank som hovudkjelde. Gartneria i Nord-Rogaland ligg i eit område med etablert flisproduksjon og etablert prisleie, mens gartneria i Finnøy kommune er avhengig av «import» eller oppstart av lokal produksjon. 3 gartneri brenn gass for produksjon av CO2, mens 1 gartneri ikkje treng tilførsel av CO2 i produksjonen (blomster). 2 av gartneria har akkumulatortank. Summen av desse ulike føresetnadane inneber at ein mellom gartneria får eit sprang i energipris (bioenergi) med ytterpunkt frå 34 til 63 øre/KWh. Noko av dette er grunna i råstoffkostnader, men hovudårsaken er å finne i forholdet grunnlagsinvestering fordelt på energivolum.

 

Om gartneria i Nord-Rogaland:

Smedsvik Gard har den høgaste varmetrongen og dermed eit stort energivolum å fordele investeringa på. Gartneriet ligg sentralt til ut frå etablert flisproduksjon i regionen. Utrekna energipris syner at bioenergi har konkurransekraft målt opp mot dei energikostnadane gartneriet har i dag. Tilstøytande offentlege bygg, tilrettelagt for vassboren varme, opnar og opp for mogleg sal av fornybar varme.

Eikeskog Gartneri ligg gunstig til ut frå tilgang til skogsflis. Låg varmetrong inneber at grunnlagsinvesteringane pr kWh produsert vert høgare samanlikna med dei andre gartneria. Utrekna energipris syner likevel konkurransekraft mot propan pr dato.

 

Om gartneria i Finnøy kommune:

Mjølsnes Gartneri er kopla til naturgassnettet og har den lågaste energikostnaden pr kWh av dei 4 gartneria.  Utrekna energipris for biobrenselanlegget gir ikkje konkurransekraft mot naturgassen innafor oppgitt prisnivå.  Finnøy Bioenergi AS arbeider for etablering av biogassanlegg. Bioresten frå denne produksjonen vil ved innblanding av flis, kunne nyttast i spesialtilpassa biobrenselanlegg. Ein slik prosess opnar og opp for uttak av fosfor frå bioresten. Tiltaket vert ikkje diskutert vidare i dette prosjektet, men ved etablering av biogassanlegg i Finnøy bør dette vurderast nærare t.d. knytt til Mjølsnes gartneri.

Sigmund Hamn: Gartneriet har høgare energikostnader enn dei andre gartneria m.a. grunna i fraktkostnader (propan) inn til Sjernarøy. Prosjektert biobrenselanlegg er basert på ei utviding av gartneriet.  Energitala syner eit gunstig forhold mellom grunninvestering og produksjonsvolum. Utrekna energipris gir god konkurransekraft målt mot oppgitte energikostnader i dag.  Nytta råstoffkostnader er basert på «import» via Nedstrand.  Sigmund Havn har vurdert investering i utstyr og eigen produksjon av flis.

 

Lokal flisproduksjon på Finnøy:

I samband med vurdering av biobrenselanlegg ved gartneria, har prosjektet «Fornybar energi frå skogen i Rogaland» drøfta flisproduksjon på Finnøy med aktuelle foretak og enkeltpersonar i kommunen. I ein situasjon der det er trong for flisleveransar, syner drøftingane at det er reell interesse for å diskutere oppstart av produksjon basert på skog, gjengroingsareal og ryddeoppdrag i kommunen.

 

Ikkje vurdert:

·       Auka produksjonsvolum for biobrenselanlegga gir lågare energiprisen og kjem fram i utreiingane i oppsettet økonomi for energivolum med og utan kjøp av CO2. Korleis kjøp av CO2 økonomisk slår ut er likevel ikkje vurdert då pris/kostnad ved kjøp av CO2 ikkje er lagt inn. 

·       Reinsing av røykgassen frå biobrenselanlegga for bruk av CO2 i planteproduksjonen er ikkje vurdert. Generelt er signala at tilgjengeleg teknologi vert for dyr.

 

 

5.     Konklusjon

 

Ut frå lagde føresetnadar og innhenta pristilbod, syner bioenergi basert på skogsflis konkurransedyktig energipris for 3 av dei 4 gartneria. Tilgangen på råstoff er reell og ikkje ei skranke. Etablert prisnivå på flis er konkurransedyktig og samanliknbar med resten av landet. Tiltaket har ein positiv miljøeffekt gjennom reduserte utslepp av CO2, samstundes som det skapar lokal næringsaktivitet gjennom produksjon av flis. Investeringsstøtta gjennom ENOVA og Innovasjon Norge er avgjerande for økonomien i prosjekta. Det er ikkje gitt at slike ordningar over tid vert tilsvarande som i dag. Veksthusnæringa sin produksjon er basert på opptak av klimagassen CO2. Kombinert med bruk av fornybar energi gir dette næringa høve til å stå fram med ein særs god og framtidsretta miljøprofil.

 

Ølen 22/10 2012

Karl Ludvig Ådland